Velkomen til Prestegarden

Prestegarden ligg på Lepsøya, ei av nordøyane på Sunnmøre.
Garden var tidlegare bustad for presten i Haram, men brukast i dag til overnatting til private, kor, vennegrupper, skuleklasser og liknande.
Huset er og fint som lokale til dåp, konfirmasjon, bursdagsfeiring eller slektstreff. 
Det er to overnattingsmoglegheiter på garden, hovudhuset som har 5 soverom med plass til 18, eller stabburet som har overnattingsplass til 9.
Bestillingsskjema og kalender for å sjå kva datoar som er ledige finn du under overnatting i menyen.

På garden er det  naust med bord og gapahuk med grill som kan nyttast av dei som leiger. Der er også stor hage med leikeapperat til glede for store og små.

Nærmaste nabo til Prestegarden er Kjerstadsanden, ei sydenstrand som berre må nytast.

Kontaktperson for Prestegarden er Rita Kjerstad tlf. 941 90 097.

I Kjellaren på Prestegarden finn du N. Moen landhandel som er eit butikkmuseum.
Kontaktperson for omvising og opningstider for butikkmuseet er Gro tlf. 993 35 501.

Prestegarden er startpunkt for tur til Eventyrskogen.

Naturen på Lepsøya innbyr til mange flotte turar både i fjøra og på fjellet.